Foto: Brimer

Ønskjer du å kapre dei unge nyutdanna?

5 GODE GRUNNAR TIL Å BLI TRAINEEBEDRIFT

  • Tilgang til unge, kunnskapsrike og motiverte nyutdanna

  • Marknadsføring mot unge nyutdanna talent

  • Profesjonell rekruttering i samarbeid med Yapril

  • Auka innovasjon og nyskapingsevne

  • Utvida nettverk

Bli traineebedrift

Rekrutter unge, motiverte og kunnskapsrike nyutdanna gjennom Spring Trainee

Foto: Tussa

Kvifor bli traineebedrift?

Det ligg stort potensiale i å rekruttere inn unge, engasjerte og kunnskapsrike nyutdanna. Den nye generasjonen søkjer seg først og fremst til traineeprogram, og det gjeld å halde tritt med denne utviklinga for å kapre dei unge talenta. Deira kunnskap er heilt essensiell for å halde di bedrift konkurransedyktig i åra som kjem, og for at Søre Sunnmøre skal fortsette å vere den innovative regionen den er i dag.

Foto: Brimer

Rekrutterings­prosessen

For å lukkast med traineeprogrammet er det heilt avgjerande å finne den perfekte traineen til di bedrift. Spring Trainee samarbeidar med Yapril for å finne dei beste kandidatane til dykkar behov, og å sørge for ein god rekrutteringsprosess.

Foto: Tussa

Forventningar til deg som bedrift

Traineeløpet går over eitt år og traineen skal i denne perioden lønnast av bedrifta som ein vanleg nytilsett nyutdanna. Samstundes er det viktig å sette av tid til onboarding og oppfølging. Arbeidsoppgåvene til traineen skal vere givande, læringsrike og gi eit godt innblikk i bedrifta.

  • 79% blir verande i regionen etter traineeløpet.

    Nordlandsforskning

  • "Vi treng fleire dyktige hovud og hender, og då trur vi dette kan vere eit eitt av dei gode tiltaka som gjer at vi kan få til det."

    Erika Skarbø, Brimer

  • "Det å ha ei ramme og eit sosialt og fagleg opplegg å tilby, gir ekstra tryggleik for at vår nye medarbeidar kjem til å trivast."

    Leif Rune Solås, Restorae.

Bli traineebedrift

Ønskjer de å ta imot ein trainee no eller i framtida? Fyll ut skjema under, så tek vi kontakt!