Bli trainee hos Olympic Subsea (HR, marknadsføring og kommunikasjon)
Kickstart karrieren din, bli trainee hos Olympic Subsea!
Olympic skaper ei berekraftig framtid. Blir du med? Olympic driver ei av verdas mest moderne og fleksible flåter innan subsea og fornybar energi, med eit solid fundament i sterke tradisjonar og lang bransjeerfaring. Vi er innovative og satsar stort på miljø og berekraftige forretningsmodellar. I eit pulserande og framoverlent lokalt næringsliv identifiserte vi, før dei fleste andre, fornybarrevolusjonen til havs. Dette har gitt oss eit fantastisk utgangspunkt for innovasjon og vidare verdiskaping. Vi forventar ytterlegare vekst innan desse segmenta i mange år framover og håper at akkurat du kan bidra i vår vekstreise. Vi søker ein engasjert og initiativrik Spring Trainee som vil vere med å styrke vår synlegheit og tilstedeværelse – både digitalt og internt. Du vil få ei sentral rolle i å utvikle og gjennomføre kommunikasjons- og marknadsføringsaktivitetar, med særleg fokus på rekruttering og employer branding.
Dine arbeidsoppgåver vil blant anna vere:
Bistå HR i rekrutteringsarbeid og tilknytt oppgåver
Utvikling av content plan for heile organisasjonen – sjø og land
Innhenting og produksjon av foto- og videomateriell
Publisering av målretta saker og innlegg på sosiale medier
Utarbeiding av grafisk materiell til rekruttering og marknadsføring
Produksjon og støtte til presentasjonar
Ansvar for materiell til og grafisk produksjon av vårt interne nyheitsmagasin Olympic News
Marknadsføring og kommunikasjon mot kundar.
Kven er du?
Du har utdanning eller erfaring innan kommunikasjon, marknadsføring, grafisk design eller liknande.
Du er kreativ, initiativrik og har god gjennomføringsevne.
Du trivest med å samarbeide på tvers av avdelingar og kommuniserer godt med ulike fagmiljø, og likar noko reiseverksemd også offshore
Kva tilbyr vi?
Ei unik moglegheit til å jobbe i et maritimt miljø med stor variasjon i oppgåver
Tett oppfølging, fagleg utvikling og eit engasjert arbeidsmiljø
Moglegheit til å sette ditt preg på vår visuelle og digitale profil
Varighet: 1 år
Oppstart: Etter avtale (1.sept-25)
Spring Trainee
Gjennom denne stillinga er du tilknytt Spring Trainee. Dette er eit eittårig traineeløp der du får tilgang til sosiale og faglege samlingar som gir deg eit unikt grunnlag for di vidare karriere. Vi tilbyr
Fagleg påfyll gjennom kurs, erfaringsutveksling og bedriftsbesøk
Moglegheita til å bygge nettverk blant innovative og framtidsretta bedrifter
Ein nydeleg gjeng med engasjerte traineear
Eittårig traineekontrakt med moglegheit for fast tilsetting
Spring Trainee vert gjennomført med midlar frå hovudsamarbeidspartnar Sparebanken Møre og midlar frå Møre og Romsdal fylkeskommune.