Sommarhelsing frå Spring Trainee
Sunnmørssommaren er her! Før vi omfamnar ferien ønskjer vi å ta eit tilbakeblikk på dei kjekke og lærerike månadane vi har hatt saman med dei flotte traineeane våre.
Vi har hatt med oss fire nysgjerrige, lærevillige og engasjerte traineear frå Tussa, Brimer, DRIV Økonomi og ØB Regnskap As. Året starta med eit motiverande og kjekt kick-off, med inspirerande ord frå traineeprogrammet i Tromsø, Fremstr, og vår hovudsamarbeidspartnar Sparebanken Møre. Vidare introduserte vi traineeane for næringslivet i regionen og eit nettverk av unge i næringslivet gjennom Søre Sunnmøre si aller første U37-samling. Vi har hatt ei læringsrik samling saman med NTNU i Ålesund, kor traineeane fekk bryne seg på forretningsmodellar og innovasjon. Ikkje minst har vi hatt ei kjekk utflukt saman med Hindholmens Venner, kor vi fiska og utforska Ulsteinfjorden. I tillegg til desse samlingane har vi sendt traineear av gårde på Ship Technology Days, Næringskonferansen Søre Sunnmøre, Maritime Onboarding og fleire U37-samlingar. Vi gler oss til fortsettinga!
Til hausten ser vi fram til å ønske velkommen til tre nye traineear frå Reknehuset Ast, Restorae og Olympic Subsea ASA – vi har allereie fleire samlingar klare. Vi gler oss til å gjenta kick-off suksessen frå i fjor, og ser også fram til ei kjekk samling saman med Yapril, med fokus på teamarbeid, utvikling og personlegheitstypar!
Tusen takk til traineebedrifter, traineear, samarbeidspartnarar, og ikkje minst Sparebanken Møre og Møre og Romsdal fylkeskommune som er med å finansiere Spring Trainee! Saman med dykk styrkar vi arbeidsregionen Søre Sunnmøre og skaper eit springbrett for unge som ønskjer ei karriere her
God sommar!