Restorae: Å vere traineebedrift i praksis

Då Restorae ønskte å styrkje laget sitt med ein yngre ingeniør, vart traineeprogrammet Spring på Søre Sunnmøre eit naturleg val. For dei handla det ikkje berre om ei tilsetjing, men om å gi ein ny medarbeidar gode rammer for både fagleg og sosial utvikling.

Gjennom traineeprogrammet fekk Restorae tilgang til eit strukturert opplegg med faglege samlingar, nettverk og sosialt fellesskap på tvers av bedrifter. Det var med på å skape tryggleik – både for bedrifta og for den som var ny i rolla.

– Det å ha ei ramme og eit sosialt og fagleg opplegg å tilby, gir ekstra tryggleik for at vår nye medarbeidar kjem til å trivast, seier Leif Rune Solås i Restorae.

Responsen på utlysinga var god, med fleire sterke kandidatar å velje mellom. Traineen som vart tilsett, kom raskt godt inn i arbeidskvardagen og tok ei aktiv rolle i utviklingsteamet. I dag har samarbeidet utvikla seg vidare, og traineen har no fått tilbod om fast stilling.

For Restorae har traineeordninga vore ein måte å knyte til seg ny kompetanse, friske perspektiv og engasjement – samstundes som dei har vore med på å byggje framtidig arbeidskraft i regionen. Erfaringa deira viser korleis eit strukturert traineeprogram kan vere til nytte for både bedrift, trainee og lokalsamfunn.

Previous
Previous

Fagleg samling om samspel og samarbeid i team

Next
Next

Sommarhelsing frå Spring Trainee