Trainee Procurement, Operations & Technology – Rem Offshore
Vil du starte karriera tett på drift, teknologi og utviklingsprosjekt i eit leiande offshorerederi?
Rem Offshore søkjer ein engasjert trainee til hovudkontoret vårt i Fosnavåg. Her får du ei unik moglegheit til å jobbe på tvers av fagmiljø og bidra både i operative oppgåver og utviklingsprosjekt innan teknisk avdeling og innkjøp.
Her får du
moglegheit til å jobbe tett på den tekniske drifta av moderne offshorefartøy
delta i spanande utviklings- og forbetringsprosjekt
bli ein del av eit rederi i vekst, med nybygg og høg prosjektaktivitet
ein dedikert mentor og tett oppfølging gjennom heile traineeperioden
Arbeidsoppgåver
Arbeidsoppgåvene blir tilpassa kompetanse og interesse, og kan blant anna vere
å ivareta innkjøpsrolle knytt til eitt eller fleire fartøy
å bidra i implementering av nytt innkjøpssystem
å følgje opp avtalar, rammeavtalar og utvalde leverandørar
å bidra i utviklings- og digitaliseringsprosjekt
å bidra i arbeid knytt til nybygg og leveransar i traineeperioden
å bidra i aktivitetar knytt til rekruttering, messer og utdanningsarenaer i samarbeid med mannskaps-avdelinga
Kvalifikasjonar og personlege eigenskapar
Vi ser etter deg som
er nyutdanna med ein bachelor/master innan teknologi, økonomi eller IT-relaterte fag
er strukturert, lærevillig og nysgjerrig
trivst med varierte oppgåver og samarbeid på tvers av fagmiljø
har interesse for teknologi, drift og forbetringsarbeid
har interesse for maritim næring og offshoreverksemd, og ønskjer å lære meir om rederidrift
Vi kan tilby
Ein variert og spanande arbeidskvardag, der du får ta del i sentrale prosessar
Tett oppfølging, rettleiing og reell læring i arbeidskvardagen
Eit inkluderande og profesjonelt arbeidsmiljø
Konkurransedyktige vilkår, med gode pensjons- og forsikringsordningar
Noko reiseverksemd i inn‑ og utland kan forventast
Fleksibel arbeidstid
Moglegheit for fast stilling etter traineeperioden
Skap di draumekarriere på Søre Sunnmøre
Gjennom denne stillinga er du tilknytt Spring Trainee-programmet på Søre Sunnmøre. Vi tilbyr fagleg utvikling, sosialt samhald og erfaringsutveksling i ein framtidsretta region med rolege omgivelsar og spektakulær natur. Vi tilbyr:
Fagleg utvikling: Gjennom fire samlingar får du fagleg og personleg utvikling, erfaringsutveksling og bedriftsbesøk. Saman legg vi eit makelaust grunnlag for ei karriere i regionen!
Sosialt samhald: Spring arrangerer turar, fellesmiddagar og samankomstar gjennom året. Oppdag fjella, fjøra, dei gode lokalsamfunna, dugnadsånda og idrettsgleda.
Erfaringsutveksling: Spring legg til rette for erfaringsutveksling mellom våre traineear, og er ein døropnar til faglege arenaer og nettverk i regionen. Traineeane skal dele erfaringar og rådføre kvarandre gjennom dei faglege samlingane, og får delta på arrangement og konferansar saman med andre næringslivsinteresserte i regionen.
Oppstart: Etter avtale, innan 1. september
Varigheit: 1 år, med moglegheit for fast tilsetting etter traineeperioden
Søknadsfrist: 25. mai
Foto: Rem Offshore AS