Trainee rekneskap - Reknehuset AS
Bli trainee i Reknehuset Ørsta/Ulsteinvik!
Som trainee i Reknehuset får du jobbe tett på næringslivet, bruke økonomifaget i praksis og bli ein del av eit fagleg sterkt og inkluderande miljø på Søre Sunnmøre. Her kan du velje mellom Reknehuset sine kontor i Ulsteinvik eller Ørsta.
Kven ser vi etter?
Vi ser etter deg som har fullført, eller er i ferd med å fullføre, bachelor- eller mastergrad innan økonomi, rekneskap eller tilsvarande.
Vi ser etter deg som:
er nysgjerrig og lærevillig
ønskjer ansvar og fagleg utvikling
likar å samarbeide med andre
er open for endring og nye løysingar
Vi er på jakt etter eit langtidsforhold. Du er ein medarbeidar som ønskjer å bli verande hos oss, også etter at traineeåret er omme.
Kven er Reknehuset?
Reknehuset har 17 medarbeidarar, fordelt på kontora våre i Ulsteinvik og Ørsta. Vi er blant dei største rekneskapsbedriftene på Sunnmøre. Kundane våre speglar det lokale næringslivet og består av eit breitt spekter av næringar. Dette gir ein variert og spennande jobbkvardag. Med Reknehuset på laget, får kundane ein aktiv rådgjevar og ei rekneskapsbedrift som bryr seg.
Vi er ein moderne rekneskapspartnar som kombinerer fagkompetansen vår med brukarvennlege løysingar.
Arbeidskvardagen som trainee
Som trainee i Reknehuset blir du ein integrert del av kvardagen vår, med tett oppfølging frå opplæringsansvarleg. Du får varierte og relevante arbeidsoppgåver innan:
rekneskapsføring og avstemming
rapportering og årsoppgjer
rådgjeving og kundedialog
arbeid mot ulike bransjar og selskapsformer
Du jobbar tett saman med erfarne kollegaer som delar kunnskap, utfordrar deg fagleg og bidreg til eit ope og inkluderande arbeidsmiljø. Det er ikkje berre fagmiljøet som er sterkt. Vi har ein eigen sosialkomité som tek vare på det sosiale gjennom årlege turar og andre møtepunkt. Mellom anna har vi årleg blåtur i tillegg til ei fagleg samling på tvers av rekneskapskontora på Sunnmøre.
Skap di draumekarriere på Søre Sunnmøre
Gjennom denne stillinga er du tilknytt Spring Trainee-programmet på Søre Sunnmøre. Vi tilbyr fagleg utvikling, sosialt samhald og erfaringsutveksling i ein framtidsretta region med rolege omgivelsar og spektakulær natur. Vi tilbyr:
Fagleg utvikling: Gjennom fire samlingar får du fagleg og personleg utvikling, erfaringsutveksling og bedriftsbesøk. Saman legg vi eit makelaust grunnlag for ei karriere i regionen!
Sosialt samhald: Spring arrangerer turar, fellesmiddagar og samankomstar gjennom året. Oppdag fjella, fjøra, dei gode lokalsamfunna, dugnadsånda og idrettsgleda.
Erfaringsutveksling:Spring legg til rette for erfaringsutveksling mellom våre traineear, og er ein døropnar til faglege arenaer og nettverk i regionen. Traineeane skal dele erfaringar og rådføre kvarandre gjennom dei faglege samlingane, og får delta på arrangement og konferansar saman med andre næringslivsinteresserte i regionen.
Oppstart: Etter avtale, innan 1. september
Varigheit: 1 år, med moglegheit for fast tilsetting etter traineeperioda