Trainee maskin-/ skipsingeniør - TenTek AS
Vil du vere med på vår vekstreise? Etterspørselen etter TenTek sine tenester og produkt aukar, og no ser vi etter ein trainee som ønsker å utvikle seg som maskin- eller skipsingeniør hos oss.
Hos TenTek får du jobbe med utvikling, design og bygging av maritime konstruksjonar og utstyr for havbruksnæringa. Som trainee blir du del av konstruksjonsavdelinga og får vere med på heile prosessen, frå idé og design til ferdig produkt.
Kva vil du jobbe med?
Konstruksjon og utvikling av maritime produkt og løysingar
3D-modellering og tekniske teikningar
Utrekningar og tekniske vurderingar
Oppfølging av prosjekt frå design til produksjon
Engineeringoppdrag for kundar innan maritim næring og havbruker nysgjerrig og lærevillig
Kven ser vi etter?
Vi ser etter deg som:
Har eller snart fullfører bachelor- eller mastergrad innan maskiningeniørfag, skipsdesign, marin teknikk eller liknande
Er nyutdanna eller har inntil 2 års arbeidserfaring
Er nysgjerrig, lærevillig og ønskjer å utvikle deg fagleg
Likar å finne praktiske løysingar på tekniske utfordringar
Hvifor velje TenTek?
TenTek held til i Haugsbygda i Sande kommune og samarbeider tett med søsterselskapet Pipe Systems Engineering. Til saman er vi nærmare 60 medarbeidarar med brei kompetanse innan engineering, produksjon og maritime løysingar
Hos oss får du tidleg ansvar, tett oppfølging frå erfarne ingeniørar og moglegheita til å sjå resultata av det du teiknar og utviklar ute i verkstaden og på sjøen.
Vi tilbyr:
Ei variert og praktisk trainee-stilling med fagleg utvikling
Tett oppfølging frå erfarne ingeniørar
Muligheit til å påverke og ta ansvar frå første dag
Eit godt arbeidsmiljø med korte beslutningsvegar
Konkurransedyktige lønns- og arbeidsvilkår
Skap di draumekarriere på Søre Sunnmøre
Gjennom denne stillinga er du tilknytt Spring Trainee-programmet på Søre Sunnmøre. Vi tilbyr fagleg utvikling, sosialt samhald og erfaringsutveksling i ein framtidsretta region med rolege omgivelsar og spektakulær natur. Vi tilbyr:
Fagleg utvikling: Gjennom fire samlingar får du fagleg og personleg utvikling, erfaringsutveksling og bedriftsbesøk. Saman legg vi eit makelaust grunnlag for ei karriere i regionen!
Sosialt samhald: Spring arrangerer turar, fellesmiddagar og samankomstar gjennom året. Oppdag fjella, fjøra, dei gode lokalsamfunna, dugnadsånda og idrettsgleda.
Erfaringsutveksling:Spring legg til rette for erfaringsutveksling mellom våre traineear, og er ein døropnar til faglege arenaer og nettverk i regionen. Traineeane skal dele erfaringar og rådføre kvarandre gjennom dei faglege samlingane, og får delta på arrangement og konferansar saman med andre næringslivsinteresserte i regionen.
Oppstart: Så snart som mulig
Varigheit: frem til 1. sept 2027, med moglegheit for fast tilsetting etter traineeperioda
Vi vurderer søknadar fortløpande og gjennomfører intervju undervegs i søknadsperioden. Vi oppmodar derfor interesserte kandidatar til å søkje så snart som mogleg.
Foto: Oclin AS