Velkomen til årets Spring-kull!
1. september sparka vi i gang eit nytt år med Spring traineeprogram. På årets første samling fekk vi samla både traineane og representantar frå traineebedriftene for å bli betre kjende med kvarandre og programmet som ventar dei det neste året.
Årets Spring-kull består av Håvard, Eskil, Sivert og Erik. Dei skal det komande året få erfaringar, bygge kompetanse og utvikle seg gjennom spennande oppgåver hos traineebedriftene Rem Offshore, Driv Økonomi og Reknehuset.
Den første samlinga hadde fokus på å bli kjende med kvarandre, bedriftene og innhaldet i traineeprogrammet. Gjennom året skal deltakarane møtast jamleg til både faglege og sosiale samlingar, der dei får høve til å lære, dele erfaringar og bygge nettverk på tvers av bedrifter og bransjar.
Vi ser fram til å følgje årets kull vidare og ta fatt på eit år fylt med læring, utvikling og nye opplevingar. Allerede på neste samling møtest vi igjen på Leiarkonferansen.
Her er nokre glimt frå den første samlinga og starten på årets traineeeventyr.