Ein stor takk til årets traineekull

Elise, Henrik og Simon var dei tre første traineeane i Spring Trainee, og dei kapra spanande stillingar innan rekneskap, økonomi og berekraft i Driv Økonomi, Tussa og Brimer!

Gjennom traineeprogrammet har dei fått meir enn fagleg utvikling - dei har bygd nettverk, skapt vennskap og fått verdifull innsikt i næringslivet på Søre Sunnmøre.

Gjennom traineeperioda deltok dei på faglege samlingar med tema som teambygging og personleg utvikling - nyttig kunnskap for alle som er tidleg i karrieren. Programmet gav òg gode moglegheiter til å etablere sosiale nettverk, noko som har vore spesielt verdifullt for tilflyttarar.

Takk til alle bedrifter og samarbeidspartnarar som har bidrege undervegs - og gratulerer til traineeane som no har tatt neste steg i karrieren 🙌 Vi har sett stor pris på å få følgje dykk og dei andre traineeane dette året, og håpar de har lært mykje, utvikla dykk og hatt ei fin og innhaldsrik tid i Spring. Vi ønskjer dykk masse lykke til vidare!

Foto: Cecilie Hatløy

Previous
Previous

Fagleg samling om sjølvleiing i ein travel kvardag

Next
Next

«Grip sjansen!»