«Grip sjansen!»

For Rebecca har traineeløpet på Søre Sunnmøre vore ein trygg og utviklande overgang frå studium til arbeidsliv. Etter fullført utdanning ønskte ho seg ei stilling med bratt læringskurve, varierte oppgåver og moglegheit til å finne ut kva ho verkeleg brenn for. Ei traineestilling framstod difor som eit naturleg val.

Som trainee hos Olympic Subsea ASA har ho fått arbeide på tvers av HR, marknadsføring og kommunikasjon. Nettopp kombinasjonen av ulike fagområde var det som fanga interessa hennar.

– Eg såg på traineestillinga som ein sjanse til å prøve meg fram, få praktisk erfaring og utvikle meg i ein organisasjon der det er rom for læring, seier Rebecca.

Allereie tidleg i traineeperioden fekk ho ansvar for internmagasinet i verksemda – eit prosjekt som omfatta alt frå idéarbeid og intervju til foto/video, design og publisering.

– Det var både spanande og litt skummelt å få så mykje ansvar så tidleg, men veldig givande. Å få den tilliten, kombinert med god oppfølging, har betydd mykje for utviklinga mi, fortel ho.

I tillegg til kvardagen i bedrifta har traineeprogrammet gitt Rebecca tilgang til faglege samlingar og møteplassar gjennom Spring – Traineeprogrammet på Søre Sunnmøre. Her har ho bygd både fagleg og sosialt nettverk, og fått nye perspektiv gjennom møte med andre traineear og verksemder i regionen.

Når ho skal gi råd til andre som vurderer ei traineestilling, er bodskapen klar:

– Grip sjansen! Du får ein akselerert start på karriera, blir utfordra i trygge rammer og får høve til å finne di eiga retning. For meg har dette vore ei moglegheit til å vere med og forme mi eiga stilling – og eit veldig godt utgangspunkt for vegen vidare i arbeidslivet.

Previous
Previous

Ein stor takk til årets traineekull

Next
Next

Fagleg samling om samspel og samarbeid i team