Fagleg samling om sjølvleiing i ein travel kvardag

Nyleg samla vi traineeane i Spring‑programmet og mentorane deira til ei fagleg samling med fokus på sjølvleiing. Dette er eit tema som er høgst relevant i ein arbeidskvardag prega av høgt tempo, krav til prioritering og mange parallelle oppgåver. For å få fleire perspektiv i rommet, inviterte vi òg medlemmar frå U37‑nettverket til å delta. Det bidrog til gode refleksjonar og verdifulle samtalar på tvers av erfaring og roller.

Gjennom samlinga tok Daniel oss med i ei utforsking av korleis tankar og kjensler påverkar reaksjonar, val og handlingar i kvardagen. Med konkrete og gjenkjennelege døme fekk deltakarane reflektere over eigne tankemønster, og korleis desse kan vere både ei styrke og ei utfordring i ulike situasjonar.

Vi var innom fleire praktiske tema, mellom anna korleis ein kan bli meir medviten på uheldige tankemønster, prioritere oppgåver på ein smartare måte og kommunisere tydelegare – både med seg sjølv og andre. Samlinga la til rette for aktiv deltaking, deling av erfaringar og opne diskusjonar, noko som gjorde tematikken relevant og nært knytt til eigen arbeidskvardag.

Engasjementet i rommet var stort, og samtalane heldt fram også etter den faglege økta. Slike møteplassar gir rom for både læring, refleksjon og relasjonsbygging og er ein viktig del av den faglege og sosiale ramma rundt traineeprogrammet.

Vi set stor pris på alle som bidrog med nysgjerrigheit, innspel og gode samtalar, og som var med på å gjere samlinga både nyttig og inspirerande.

Previous
Previous

Trainee rekneskap og rådgiving - Hasund

Next
Next

Ein stor takk til årets traineekull