Fagleg samling om samspel og samarbeid i team

Den 5. november hadde traineeane ein både lærerik og inspirerande dag saman, då vi fekk besøk av Yapril AS ved Mathias Pilskog og Tone Voldsund Aarseth. Dei leia oss gjennom ein særs solid kursdag i Everything DiSC, med fokus på korleis ulike jobbprofilar påverkar samhandling, kommunikasjon og teamarbeid.

Gjennom eit grundig djupdykk i kvar trainee sin jobbprofil fekk vi høve til å reflektere over eigne preferansar, og ikkje minst korleis vi kan forstå kvarandre betre i ein travel jobbkvardag. Diskusjonane var opne og engasjerande, prega av både humor, nye innsikter og mange gode eksempel frå kvardagen vår.

Kurset gav oss konkrete verktøy og felles omgrep som vi tek med oss vidare i arbeidet, både individuelt og som team. Slike dagar minner oss på verdien av å stoppe opp, dele erfaringar og byggje felles forståing over tid.

Tusen takk til Yapril og til alle deltakarane for ein svært vellukka dag saman.

Previous
Previous

«Grip sjansen!»

Next
Next

Restorae: Å vere traineebedrift i praksis